Retroreferat Kjempenes Liga 2002

Neste kampreferat er mellom Vote Vidar (i dag Farande Fant) og Lambatattadn.

Me går vidare med kampreferat frå kamp nr 2 i 2002 mellom Vote Vidar og Lambatattadn. Vote Vidar med skyhøge ambisjonar i forkant av turneringa, men det gjekk ikkje heilt som dei hadde håpa og laget rauk i gruppespelet. Vote Vidar deltek framleis men med nytt namn, Farande Fant, og primus motor Jonn Erik Aasen og Vidar Vadseth som ein god assistent. Laget har også figurert som Third Lanark og Lægreidspuben opp gjennom åra og vann turneringa som Lægreidspuben i 2007. 

 

Vote Vidar - Lambatattadn 1-3 (VV: Selseng (28), L: Hoff (21), Førde (22), Nilsen (26)

Første gruppekamp - 5. november 2002  18:00
Sognahallen - Bane 2

 
VOTEVIDAR:
Even Kvam
Bent "Vinny" Beckstrøm
Gaute Olstad
Jonn Erik Aasen
Magne Selseng
Kåre Selseng
Marius Langeland
Vidar Vadseth
LAMBATATTADN:
Lisbeth Horvei
Geir Hoff
Rune Førde
Lasse Papp
Siv Jane Tufte
Cecilie Nilsen
Miriam Tonheim
Erik Langeland
Domar: Rolf Vidar Hansen, Fjøra FK
Raudt kort: Even Kvam, VoteVidar
Opp som ei løve, ned som ein skinnfell
Tysdag 5. november
 
VoteVidar har føre turneringa lagt lista høgt med omsyn til eigne målsetjingar og dugleikar. Vel, i sin fyrste kamp kan ein vel seie det vart mykje skrik og lite ull. VoteVidar stilte i gule, gamle vestar med burrelukt, medan Tattadn hadde Puben sine T-skjorter. Kanskje det var derfor Dag Martin Fardal var å finna rimeleg nært benken til Tattadn. Kanskje han lurte på om dei kunne tappa ein halv ein...

Annullert scoring
VoteVidar opna kampen best. Vidar Vadseth prøvde seg heilt i starten med eit skot, men la seg for langt bakpå og skotet gjekk høgt over. Vadseth, som frå si aktive karriere mest spelte spiss, var trekt ned i forsvar, medan Jonn Erik Aasen var spiss. Dette førte rett nok til tyngde i angrep, men VoteVidar vart altfor baktunge. I tillegg rota Vadseth litt i forsvar, noko som førte til ein gratissjanse for Tattadn. Skotet gjekk derimot like utom.

Så etter omlag 5 minutt av fyrste omgang fekk VoteVidar tildelt indirekte frispark kort hold frå Tatta-målet. Vidar Vadseth, fyrst i alt, klinte til og ballen fauk i mål. Enorm jubel, men kampens myndige domar, Rolf Vidar Hansen annulerte korrekt målet. Men VoteVidar gav ikkje opp og Aasen hadde ein heading like over. Hadde han letta litt or bakken hadde nok den gått i mål.

Utvisning
Like etter måtte domar Hansen nedi brystlomma for å henta det raude kortet etter at Even Kvam hadde teke ballen med hendene utanfor 16-meteren. Vidar Vadseth vart sett i mål, og Tattadn skaut rett i muren. Etter dette seig VV litt saman og Tattadn kom meir med. Taktikken deira var å liggja litt bakpå og kontra inn eit mål eller to. Mellom anna hadde Vadseth eit par klasseredningar. Omgangen ebba ut med 0-0.

Tattadn pressa på
Andre omgang byrja med eit markant overtak til Tattadn. Jentene på laget gjorde sine saker svært så bra, det gjorde også Hoff og Førde litt lengre bak på bana. Dei styrte det meste.

Det måtte gå som måtte. Etter vel 6 minutt i 2. omgang fekk Geir Hoff stjernetrekk frå midtstreken og ballen hamna bak ein forvirra Even Kvam som var attende i VV-målet etter 5 minutt i fryseboksen. Minutten etter braut Tattadn oppe på VV sin banehalvdel og kom med tre spelarar mot Even Kvam. Rune Førde scora lett og dermed såg det stygt ut for VV. Og ikkje lenge etter punkterte Cecilie Nilsen kampen då ho elegant lobba over målvakta til Tattadn og i mål. Utvilsamt kampens prestasjon.

Redusering
Tre minutt før slutt reduserte VV ved Kåre Selseng, og like etter hadde same mann høvet til å putte på ein til. Kampen enda til slutt med 3-1 siger til Tattadn etter ein meget god taktisk gjennomført kamp. 

Mannfolkproblem?
Mannfolk får ofte høyra at dei ikkje kan gjera to ting samstundes. Etterkvart viste vel VoteVidar dette til fulle då dei heller såg på tattadn til lamba på motstandarlaget. Dagens kommentar kom Rune Førde med då han meinte at når ein har damer på laget er det bedre å spele bak dei enn framføre dei. Rett so!

Publisert: 06.11.2002

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift