Fjøra - Herd 3-2

Fortjent seier mot topplaget i avdelinga

Foto: Sogn Avis (arkiv)
Det suverene topplaget Herd kom på besøk til Sogndal i går men det var lite som tyda på at det skilte 19 poeng mellom desse laga på tabellen før kampen. Fjøraspelarane leverte ein solid kamp og spesielt førsteomgang var ein fryd og sjå på for dei som hadde droppa pub eller vip-losje i forkant av Sogndal-Brann.
 
1-0 kom etter ein trippelsjanse elleve minutt ut i kampen der først Mathias heada ballen i lengste, men utfrå ingenting dukka det opp ein Herdspelar på streken og fekk stange ballen vekk. Gjøringbø fekk deretter avslutta men skotet vart redda på streken før Henrik Navarsete banka inn leiing frå kort hold. Etter om lag halvtimen hadde Herd ein stor sjanse som Mjelleli fekk avverga med god hjelp frå Hoberg, og berre fem minutt seinare var det Kenneth Skjerven som vann igjen ballen høgt i bana før han fann Flo med eit utsøkt innlegg. Mathias ofra hovudet og stupheada inn 2-0. Nokre minutt før pause fekk Gjøringbø ein gyllen mulighet til å auke til 3-0 men han bomma på ballen i god posisjon.
 
Ein svært god gjennomført omgang av Fjøra der me var aggresive og fornuftige i presset vårt og spesielt Kenneth og Mathias viste mykje bra offensivt. Spelarane klarte fint og variere presset mellom av og til ligge lavt og av og til stå høgt, noko Herd tydeleg ikkje var komfortable med.
 
Me fortsette med å vera aggressive i starten av andre omgang men etter 57 minutt glapp det litt då forsvaret vårt vart for flate og ikkje støta då Halvorsen med eit velplassert skot frå 20 meter reduserte til 2-1. Etter dette hadde Herd eit lite overtak og etter kvart som me og vart litt slitne tok bortelaget litt over. Då er det greit og ha Mathias Flo på topp som på eiga hånd gav Fjøra 3-1 etter 73 minutt. Stedje jobba godt på eigen halvdel før Bjelde slo langt på Flo om no var ganske åleine på topp. Flo runda mannen sin eit par ganger før han såg seg rundt og såg berre slitne medspelarar på eigen halvdel. Neivel tenkte Flo og runda oppassaren sin ein gang til før han frå kanten av 16-meteren hamra ballen i nærmaste kryss. Fantastisk scoring av Flo, som nok irriterer seg ein smule over at Hallo Sogn hadde tekniske problem akkurat i denne kampen….
 
Kun to minutt etter scoringa var Mjelleli uheldig då han feilberegna ein lang ball og gav ein unødvendig retur. 3-2 og litt nervøs stemning i Fjøraleiren siste kvarteret. Herd lite oppfinnsomme mot slutten og når Hatle sette inn panser-Per som ein tredje stoppar medan bortelaget fortsatte og slå langt mot vårt duellsterke forsvar var dei aldri nærme og utlikna til 3-3. All honnør til Fjøra for det!
 
Med tre kampar att mot høvesvis Florø 2(b), SIL2 (H) og Kristiansund (H) har dermed Fjøra skjebnen i eigne hender og kan avgjera dette sjølv. Me har framleis sjanse på fjerdeplassen og me har fire poeng ned til sjetteplassen.
 
Nedenfor finn du ein oversikt over stoda over laga på femteplass pr søndag 02.okt kl 12. Dei to laga med dårlegast poengsnitt rykker ned. Fjøra har tredje dårlegast snitt per i dag men i avdeling 9 ligg Strindheim 2 på femteplass og sidan det ikkje ser ut som førstelaget deira sikrar plassen i 2.div rykker 6-arlaget i 3.div avd 9 opp på femteplass. Det same er tilfelle i avd 10 der pr i dag Charlottenlund ser ut til å overta femteplassen til Stjørdals/Blink 2. Med desse føresetnadene (om dei stemmer men det er slik me har forstått reglane) vil Fjøra pr i dag vere fjerde dårlegaste femmar, men her er det ørsmå marginar så det enklaste er ni poeng på dei siste tre kampane.
 
Me har forstått det slik at toarlag kan spele i regionligaen (3.div) dersom førstelaget spelar i postnordligaen (2.div) Grunnen til at det er poengsnittet som gjeld er at det er to 3.div-avdelingar med kun 13 lag. I fjerdedivisjon Sogn og Fjordane vil det vere minimum sju lag som beheld plassen, eller åtte viss Fjøra beheld plassen i 3.div. Mange lokale lag med spennande veker framover så me oppfordrar flest mogleg til å notera seg dei siste to heimekampane til Fjøra i kalendaren; 15.okt kl 16 mot SIL2 og trekning av dei siste tre gavekorta på Intersport, og 22.okt kl 16 mot Kristiansund, begge kampane på Campus Fosshaugane. Me kan garantera større underholdning enn det som var tilfelle på Sogndal-Brann så ta turen då vel :) :) 
 
Neste kamp for Fjøra er borte mot Florø 2 sønd 9.oktober. Sidan me då har bortekamp vil me oppfordra alle til å ta turen til Kvednushaugen laurdag 8.oktober kl 14 og støtta Kaupangerdamene i kampen om opprykk.
 
 
AVD
LAG
POENG
KAMPAR
SNITT
3
LSK2                                
45
22
2,05
4
HALSEN
43
23
1,87
5
EXPRESS
36
20
1,80
1
DR/FROGN
39
22
1,77
10
CH.LUND (6arlag)
40
23
1,74
6
BRYNE 2
37
22
1,68
8
FJØRA
38
23
1,65
9
TRYGG/LADE (6arlag)
36
22
1,64
7
BJARG
34
21
1,62
2
KJELSÅS 2
33
22
1,50
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 01.10 kl 15.30
Arena: Sognahallen
Turnering: Seriekamp
Dommar: Inge Seglem
        
Fjøra – Herd 3-2  (2-0)
1-0    11 min Henrik Navarsete (Svenn Ove Gjøringbø)
2-0    35 min Mathias Flo (Kenneth Skjerven)
2-1    57 min Kristian Halvorsen
3-1    73 min Mathias Flo (Karsten Bjelde)
3-2    75 min Patrik Hjelmset (H Mjelleli)
 
Gult kort: Ingen på Fjøra
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Joar Hoberg
Henrik Navarsete
Gøran Wigum
Eirik Kristoffersen
Karsten Bjelde
Arne Martin Fossland
Kenneth Skjerven
Eirik Stedje (Magnus Bjørvik frå 89.)
Mathias Flo
Svenn Ove Gjøringbø (Per Eirik Lunde frå 80.)

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift