Nye sponsoravtalar med Quality Sogndal Hotell og AH Bygg

Me er glade for all støtta me har i lokalsamfunnet og siste tida har me inngått nye treårige sponsorkontraktar med to gode støttespelarar i Sogndal Hotell og AH Bygg

Sogndal Hotell kom inn som Fjørasponsor allereie tidleg på 90-talet og det var Arne Emil Wathne som den gang fekk Jørgen Christian Lindstrøm og co med på laget. Sidan den gang har dei vore trufast sponsor for verdas minste fotballklubb og dei er såleis også ein av dei med lengst fartstid av sponsorane i Fjøra. Me har også utvikla eit godt samarbeid Kjempenes Liga-helga der deltakarane kan løysa opp stive fotballbein på dansegolvet i keiserinnen dancing om kvelden. Sogndal Hotell oppfordrar deg til å melda på lag til Kjempenes Liga 11-12.november og ta festen på hotellet etterpå. Pr i dag er det 14 påmeldte herrelag og 3 damelag så her er god plass til fleire.

Også AH Bygg har nyleg signert ny treårig sponsoravtale, noko me er svært glade for. Dei kom inn som sponsor i 2010 og det var ikkje vanskeleg å få dei med på laget i tre nye år, fram til 2019. Økonomiservice, Intersport, Holen Installasjon og Lægreidspuben har avtalar som gjer at dei er med på laget også i 2017, medan me er eller skal i dialog med dei andre om fornying av avtalane i næraste framtid.

Me vil nytta sjansen til å takka alle våre sponsorar for støtta og håpar de følgjer Fjøra tett i den spennande innspurten av årets tredjedivisjon. Takk også til alle privatsponsorar som kjøper Fjørakontrakt, dei siste tre gavekorta a kr 4000 frå Intersport vert trekt under kampen mot Sogndal 2 laurdag om ei veke, lykke til!

 

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift