Referat frå KL-finalen 2002

Me hoppar like godt fram til finalen i 2002 der Sogndal Kommune vart historiens første KL-vinnar

 

KAMPRAPPORT
SOGNDAL KOMMUNE - SIL/SOGNAHALLEN  5-1
SK: Førde 1, Flo 8, Veum 18, Navarsete 23,28
SS: Andersen 18
 
 
SOGNDAL KOMMUNE:
Frode Navarsete
Arild Førde
Frank Nymark
Jon Navarsete
Ronny Vedvik
Trond Helgesen
Knut Navarsete
Jarle Flo
Øystein Veum
Håkon Andersen
Geir Orrestad
Leidulf Øyre
SIL/SOGNAHALLEN:
Jo Inge Gåsver
Gisle Solheim
Knut Christiansen
Yngve Hallèn
Per-Odd Grevsnes
Vidar Andersen
Åsmund Frøvik
Arild Hopen
Torgeir Skålid
Atle Torvanger
Domar: Kevin Nyheim, Fjøra FK
Gult kort: Trond Helgesen, Sogndal kommune

Finale - 18. januar 2003  18:00
Sognahallen - Bane 1

 
SK var suverene i finalen
Laurdag 18. januar
 
Sidan SIL skulle møta Brann i Bergen i dag hadde ikkje S/S fullt lag, og laut difor be om å få nytta nye spelarar. Inn kom Atle Torvanger og Knut Christiansen, noko som ikkje akkurat burde svekke laget.
 
Sogndal kommune i føringa
Det tok ikkje lange tida før Sogndal kommune var i leiinga. Omlag eitt minutt var gått då Arild Førde fekk losna eit skot frå 15 meter. Eit skot som nok Jo Inge Gåsver i S/S-buret burde ha teke. Kampen jamna seg litt ut, det vil seie at tempoet i kampen sokk litt. Spelet svinga frå side til side og det var to velspelande lag som var komne til finalen. Men SK hadde eit par mann som framheva seg og Jarle Flo var definitiv ein av desse i dag. Då SK gjekk opp til 2-0 leiing etter 8 minutt gjorde han det meste sjølv. SK braut eit S/S angrep ved Flo. Han førte ballen oppover, slo på Ronny Vedvik, fekk ballen att, lurte av ein S/S spelar og kippa ballen flott over Gåsver i S/S-buret. Teken ut av læreboka sjølvsagt.
 
Også S/S hadde sine sjansar men dei var for tannlause framfor mål. Dei hadde verkeleg eit vakkert angrep like før pause. Atle Torvanger, som me forøvrig har sett betre tidlegare (mellom anna i 1991-sesongen), braut eit oppspel frå SK. Han slo ut til Torgeir Skålid som la fint inn i feltet. Der kom Kunt Christiansen stormande inn i felte og klinte til på volley. Det gode skotet redda derimot Leidulf Øyre meisterleg.
 
Kun SK i 2. omgang
Kampen starta roleg, men etter berre 3 minutt av omgangen fekk SK tildelt straffe, heilt korrekt idømt av kampens gode domar Kevin Nyheim. Leidulf Øye tok turen over bana for å ta straffen. Han sette ballen i mål utagbart for Gåsver. S/S slo imidlertid raskt attende og i same speleminutten reduserte Vidar Andersen. Jo Inge Gåsver sette raskt i gang med eit utkast til Andersen. Han gjekk over halve bana, skar inn og sette ballen kontrollert i mål frå omlag 5 meters hald. Ein flott prestasjon av Andersen det der.
 
Men det var SK med Jarle Flo i spissen som styrde det meste og etter 23 minutt punkterte han kampen med dagens flottaste prestasjon. Jarle Flo snappa eit S/S-angrep, førte oppover på bana, heile vegen ned til dødlina. Innlegget var perfekt og Jon Navarsete sette ballen lett i mål. Etter denne scoringa gav på det meste S/S opp, og 2 minutt fastsette Frode Navarsete sluttresultatet til 5-1, ein høgst fortent siger. Me gratulerer Sogndal kommune med sigeren i tidenes fyrste KL.
 
Etter kampen var det tid for å heva pokalen over hovudet og det var ein tydeleg byrg Trond Helgesen som tok i mot trofeet av FFK-leiar Frank Haukareid. Sjampis vart det også på det vinnande og tapande laget. Så spørst det kven som vinn festen, det er nesten like viktig det. Ein ting er iallefall sikkert det vert nok teke inn både eit og to glas med alkohol (les: parodisk destruktivt fludium = destillert katastrofe i flytande form). Det vil sikkert alle og einkvar merka på kroppen i morgon.

Publisert: 18.01.2003

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift