Fjøra - SIL 2 0-2

Sogndal sine nest beste vann fortjent, mens Fjøra får ein ny sjanse neste laurdag heime mot Kristiansund til å avgjera dramaet om å bli blant dei åtte beste femmarlaga.

Foto: Sogn Avis (arkiv)
Av og til går ikkje ting heilt som planlagt og ting fungerer rett og slett ikkje. Me kan trygt slå fast at i dag var ein slik dag. Rett og slett bekmørkt over heile linja, passive i press, mykje slurv og planlaust offensivt. Og me har vanskeleg for å tru at det skyldast undervurdering, då SIL2 stillte eit bra mannskap trass i at dei mangla a-spelarane som var reist til Molde.
 
Sogndølene gjekk rett i strupen på Fjøra og hadde ein farleg sjanse alt etter minuttet og etter ni minutt gjekk SIL 2 opp i leiinga ved Lerheim Olsen. Fjørene stod passive og såg på.. Anført av ein god Hippe Sørflaten på Sogndal si høgreside var Sogndal det førande laget i heile omgangen mens Fjøra kun sporadisk var farleg frampå. Like etter 1-0 hadde me ein stor sjanse men avslutninga gjekk over både keeper og målet. Halvvegs ut i omgangen fann Karsten Bjelde Mathias Flo med ein utsøkt pasning. Flo vendte vekk ein mann før han avslutta godt nede i hjørnet men Rutlin var kattemjukt nede og avverga. Stort meir enn dette hadde me ikkje å by på i den første omgangen og rett før pause la attpåtil Lerheim Olsen på til 2-0 og gjorde det endå vanskelegare for Fjøralaget.
 
Andre omgang passerte utan at me klarte og pressa SIL 2 nevneverdig og kampen ebba ut med fullt fortjent 2-0 seier til dei kvite. Tre minutt før slutt fekk Per Eirik Lunde sitt andre gule og me måtte avslutta med ti mann.
 
Så kan ein sitta og riva seg i håret (for dei som har hår…) og ergra seg over det eine og andre men ein kjem ikkje så langt med det. Denne kampen er berre og gløyma med ein gang og på måndag stiller spelarar og trenarar topp motivert for ein god inngang inn mot siste og avgjerande kamp mot Kristiansund på heimebane. Denne gjengen har gjort ein enorm jobb for å vera der dei er no, og det var det ikkje mange som hadde trudd før sesongen. Me er heldige og alt er framleis opp til oss sjølve så får me sjå neste laurdag kl 1745 kva det endar med. Spennande blir det iallfall så me oppfordrar deg til å ta turen på kamp og støtta karane!
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 15.10 kl 16.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
        
Fjøra – SIL 2 0-2 (0-2)
0-1      9 min Andreas Lerheim Olsen
0-2    45 min Andreas Lerheim Olsen
 
Raudt kort: Per Eirik Lunde (2 gule)
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Joar Hoberg (Erik Fossnes frå 57.)
Per Eirik Lunde
Gøran Wigum
Eirik Kristoffersen
Karsten Bjelde
Henrik Navarsete
Kenneth Skjerven (Erik Loftesnes frå 88.)
Eirik Stedje (Espen Outzen frå 74.)
Mathias Flo
Svenn Ove Gjøringbø 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift