Fjøra - KFK 1-0

Det var såvidt men me spelar i 3.div også i 2017

Me hadde alt i eigne hender i går og sidan Bjarg slo Tertnes i Hordalandsavdelinga var kun seier godt nok for framleis å vera i tredjedivisjon. Det var tydeleg at mykje stod på spel og me var utan tvil litt prega av dette undervegs i kampen.
 
Spelemessig var me langt unna det nivået me bør vera på men innsatsen og viljen til å klare dette var derimot upåklageleg. Me fekk den tidlege scoringa me håpa på då Karsten Bjelde plukka opp ein retur frå Kenneth Skjerven etter om lag 14 minutt. Bjelde jr breidsida ballen i hjørnet og ikkje lenge etter hadde også Mathias ein stor sjanse men 1-0 stod seg til pause.
 
I andre omgang skjedde det eigentleg ikkje så mykje anna enn at me jobba knallhardt for å halda på leiinga og nervene var i høgspenn. Me var som vanleg solide defensivt og slapp KFK veldig lite til rundt vår eigen 16-meter. På tampen hadde bortelaget ein farleg avslutning men Mjelleli avverga denne og kunne spretta champagnen i garderoben like etter kampslutt.
 
Rett og slett ein imponerande jobb av det relativt unge Fjøralaget som neste år skal spele i regionligaen. Kun fire av fjorten lag beholdt plassen pluss dei åtte beste femmarlaga og det klarte me med knappast muleg margin ved å bli femmarlag nr 8. Dermed har me i praksis rykka opp ein halv divisjon og spelarane får dermed brynt seg på eit endå høgare nivå i 2017, noko me er glade for. 
 
Takk til alle sponsorar, publikum, motstandarar, dommarar og andre for denne gang, me håpar og sjå dykk att til neste år. Me har hatt eit godt samarbeid med Sogndal siste par åra og utan drahjelp derifrå hadde ikkje dette vore muleg. Me er også prisgitt eit svært godt dugnadsapparat rundt klubben og me vil i den samanheng dra fram spesielt ein mann. Det kostar litt og reisa land og strand for å spela bortekampar men me har klart og halda desse kostnadane på eit fornuftig nivå takka vera Per Barsnes som velvillig stiller opp som sjåfør, det håpar me han vil gjera ein del også i 2017 :)
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 22.10 kl 16.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Vegard Yndestad
        
Fjøra – KFK 1-0 (1-0)
1-0    14 min Karsten Bjelde (Kenneth Skjerven)
 
Gult kort: Arne Martin Fossland
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Eirik Stedje
Henrik Navarsete
Gøran Wigum
Eirik Kristoffersen
Karsten Bjelde
Arne Martin Fossland (Joar Hoberg frå 79.)
Kenneth Skjerven
Steffen Olsen (Espen Outzen frå 54.)
Mathias Flo
Svenn Ove Gjøringbø

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift