Utmerkingar Fjørafesten

Fjøra feira i går årets sesong på Sogndal Hotell med julemat og utmerkingar.

Heile 71 personar var påmeldt til årets julebord og steminga var god både under middagen, utdelinga og på Kjempenes Liga festen etterpå. Ein spesiell takk til Sogndal Hotell for framifrå mat og service då det viste seg at me hadde meldt inn sju deltakarar for lite. Som vanleg var det diverse utmerkingar og loddsal, ei lita oppsummering under:

Årets spelar: Kenneth Skjerven

Grunngjeving årets spelar: Årets spelar har relativt kort fartstid i Fjøra men han er ung og har god tid til å klatre på adelskalendaren. Han har vore ein svært viktig spelar for Fjøra i årets sesong og spesielt i vårsesongen avgjorde han mange kampar nærast på eiga hånd, utan tvil ein spelar med eit stort potensiale. Årets spelar står med 9 mål og 11 assist frå sin midtbaneposisjon og han snakkar meir med beina enn med munnen :)

Årets toppscorar: Mathias Flo, 16 mål

50 kampar: Mats Nondal, Knut Ripe

Eirik Kristoffersen fekk ei lita påskjønning for flest treningar (115 av 124) og trenarteamet med Håvard Hatle, Gøran Wigum og Ole Morten Kvam samt våre to keepertrenarar Kåre Rutlin og Bjarte Hovland fekk kvar sin blomster. Blomster fekk også oppmann Per Barsnes og materialforvaltar Knut Idar Kristoffersen for alle timane dei har lagt ned, det same gjorde billett- og kioskansvarlege Rut Loftesnes og Arild Underdal.

Den siste blomsterkvasten gjekk til Asbjørn Kjetil Grinde Håre som representant for våre tre dommarar. Forutan nevnte Grinde Håre må me retta ein takk til Tor Henning Mardal og Yngve Håkonsen som også dømmer for Fjøra FK

Oppmann Per Barsnes vart også trekt fram som kanskje den mest verdifulle personen i årets Fjøragjeng då han sparer klubben for mange titalls tusen ved å stilla som sjåfør i minibussen til Hertz. Han fekk derfor i tillegg til blomster eit gavekort på Intersport.

Til slutt må me få takka alle andre som ikkje er nevnt over for innsatsen dei gjer for Fjøra. Stor takk til Håvard Hatle og til Sogndal for samarbeidet dei har fått i stand siste halvanna året, utan dette hadde me iallfall ikkje vore i 3.divisjon og kanskje hadde me og hatt problem med i det heile og stillt lag. Skryt skal også mangeårig leiar i Fjøra, Tom Wolff Navarsete, og dei andre i styret ha for at dei styrer skuta trygt i havn år etter år.

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift