Ny treårig sponsoravtale med Lerum

Lerum er såvidt me veit den sponsoren som har bidrege lengst i Fjøra og me er glade for at dei spelar på lag med Fjøra også dei neste tre åra

Foto: Henta frå Lerum si facebookside

Me fekk denne veka på plass dei siste detaljane i sponsorkontrakten med Lerum og dei vert og finna på Fjøradrakta også dei neste tre åra, ut 2019. Lerum har vore med Fjøra så lenge me kan hugsa, truleg meir eller mindre heilt fra oppstarten og det er me i Fjøra svært takksame for. Lerumlogoen er godt synleg både i fotballen og andre idrettar i Sogndal og me set pris på at dei også ønsker og støtte oss i Fjøra FK. Me feirar avtalen med ei flaske julebrus og oppfordrar alle andre til å kjøpa inn ein kasse julebrus til adventstida!

Ein annan sponsor som har vore med lenge er Fredheim Maskin og Betong og dei var heller ikkje vanskelege og be når me kom med penn og papir og ein ny treårsavtale. I tillegg er avtalane med Meny og Joar Solberg Trafikkskule fornya fram til 2019 og me har fått med to nye støttespelarar i Neumann Bygg og Berge og Co. 

Me er dermed nesten i mål med sponsorane og godt i gang med førebuingane til ein spennande sesong i 2017. Treningskampane begynnar også og bli spikra og Fjøra møter god motstand i oppkøyringa men kven det er får me komma tilbake til på nyåret. Me er godt fornøgde med avdelinga me kom i der me stort sett unngjekk overnattingsturar. Det er ei tøff avdeling sportsleg sett med lag frå Sunnmøre og Hordaland i tillegg til Førde og Haugesund 2, men det gler me oss til.

 Generalsponsor:
 
 Hovudsponsorar:

   

       

  Sponsorar:                           

           

     

   

     

    

              

        

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

      

 

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift