Me sel fyrverkeri utanfor Intersport 29.-31.desember

Åpningstider 10-16 torsdag og fredag og 10-13 nyttårsafta

Våre to rakettsjefar, Bent Sjøthun og Tom Wolff Navarsete, har vore på rakettkurs og er klare for å selga rakettar i samarbeid med Intersport også i år. Dei har med seg ein god medhjelpar i Joakim Lærum samt nokre Fjøraspelarar og ønskjer alle velkomne i teltet utanfor Intersport frå torsdag til laurdag. Åpningstider for dei nevnte dagane er:

29.des kl 10-16
30.des kl 10-16
31.des kl 10-13
 
Ver med og støtt fotballen i Fjøra ved å kjøpa fyrverkeriet av oss.
 
Me vil også oppfordra flest mogleg til å melda seg inn i grasrotandelen til Fjøra i Norsk Tipping. Me har per i dag 91 medlemar og håpar akkurat du kan hjelpa oss med å bikka 100. Grasrotandelen kostar deg som tippar ingenting men 5% av beløpet du tippar for går frå Norsk Tipping og til den organisasjonen du har valgt å støtta. Oppgi organisasjonsnummer 971363398 til din tippekommisjonær dersom akkurat Fjøra Fotballklubb er den klubben du ønsker desse pengane skal gå til. Stor takk til deg som er ein av desse 91 og stor takk til alle som kjem innom og kjøper rakettar frå torsdag til laurdag.
 
Fortsatt god jul og godt nytt år til alle våre støttespelarar!
 
Fjøra FK
 
 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift