Oppkøyringa 2017 er i gang

Oversikt treningskampar og trenarteam

Fjøra er no i gang med oppkøyringa til ny sesong og etter ei god veke med hardkøyr vert det meldt om høg intensitet og mykje ballmiss, akkurat slik det skal vera i januar. Treningskampane byrjar allereie til helga, 14.januar, mot våre venner frå Årdal i storhallen. Det vert mange treningskampar frå midten av januar fram til me roar litt ned i mars, førebels oversikt under:
 
14.01  Fjøra – Årdal                        16.30
21.01  Fjøra – Førde                       16.00
29.01  Fjøra – Florø                        15.00
01.02  Årdal – Fjøra                        19.00
11.02  Fjøra – Stryn                        14.00
18.02  Fjøra – Voss                        14.00
25.02  Fjøra – Nordhordaland           13.00
11.03  Fjøra – Valdres                     14.00 (Campus)
18.03  Fjøra – Fyllingsdalen            14.00 (Voss)
 
Klokkesletta over er ikkje endelege og kan bli noko endra. Me ser heller ikkje vekk ifrå at kampansvarleg Knut Idar Kristoffersen dreg fram ein treningskamp til før seriestart
 
Første kvalikrunde til NM er 29.03 medan eventuell andre kvalikrunde NM er 04.04. Seriestart er andre påskedag 17.04, men Fjøra sin kamp heime mot Ålesund 2 vert truleg spelt tysdag 18.04.
 
Trenarteamet til Fjøra vil i 2017 bestå av Håvard Hatle (hovudtrenar) og Sondre Skrede (assistent). Me har også utvida samarbeidet med Sogndal og får med oss Nils Tore Krosshaug på feltet ein gang i veka. «Krossen» har som dei fleste kjenner til vore innom Fjøra tidlegare som trenar og me er glade for å kunne nytta oss litt av han som mentor/veiledar når me no skal opp endå eit nivå. Også Gøran Wigum vil bidra litt i trenarteamet, i tillegg til å vera spelar.
 
Spelarstallen vert det ikkje like store endringar på som dei siste åra. Mats Nondal er dessverre korsbåndskada og vert borte heile sesongen. I tillegg er det litt usikkerheit kring to-tre spelarar grunna reise og skule/militæret. To solide forsterkningar er komne inn, Joar Tryti frå Førde/Sogndal og Erlend Grov frå Stord. Låneavtalen med Mathias Flo er også forlenga med eit år, ut 2017. Det vil nok komma eit par namn til etter kvart så det får me komma tilbake til men så langt har me ein ung og svolten stall me trur vil gjera det bra i 2017.
 
Førebels terminliste finn du via linken under, men her vil det komma nokre endringar på terminlistemøte 13-14.januar der Fjøra er representert ved Per Barsnes
 
Elles er Fjørakontraktane i desse dagar på veg ut til spelarar og støtteapparat. 420 kontraktar skal selgast og som i fjor vert det trekt 12 gavekort på Intersport a kr 4000. Takk til alle privatsponsorar som har og/eller kjem til å kjøpa Fjørakontrakt 2017!

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift