Fjøra - Voss 1-0

Fjøra med mykje hospitantar vann 1-0 mot Voss

Fjøra stillte med mange hospitantar i dag grunnna skadar og sjukdom i eigen tropp og Voss kom til Sogndal med eit relativt ungt og lovande lag. Derfor ingen overrasking at me vart vitne til ein litt rotete og lite finspelt kamp som Fjøra til slutt gjekk sigrande ut av med 1-0 etter mål av Sindre Thue. Blant anna var det fire unge hospitantar frå Syril på bana som alle gjorde ein god jobb då dei fekk sjansen.

Som om ikkje det var nok skadar frå før i Fjøra måtte Steffen Olsen og Ole Martin Bolset ut i første omgang med hhv antydning til strekk og med overtråkk men det vert meldt om at ingen av desse skadane var av det langvarige slaget. Det er alltid kjekt at unge spelarar frå naboklubbar får inn og kjenna litt på nivået sjølv om me helst skulle sett at me hadde fleire tilgjengeleg også frå eigen stall. Fråfallet på trening har den siste veka vore så stort at det har gått rykter i bygda om at eldre Fjøraspelarar vil dukka opp på trening utover i veka men me får håpa dette kun er eit rykte....

Fem kampar har Fjøra allereie spelt og sjølv om prestasjonane har variert litt har det blitt fem sigrar og mykje positivt og bygga vidare på. To sigrar mot Årdal med høvesvis 2-1 og 3-1, 3-0 seier mot Førde, 3-1 seier mot Stryn og no altså 1-0 seier mot Voss. 

Neste planlagte treningskampar for Fjøra er mot Florø 25/2, Valdres 11/3 og Fyllingsdalen 18/3

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift