Fjøra - Florø 2 0-1

Knepent tap i ein jevn kamp i Sognahallen

Fjøra framleis ikkje i stand til å stable 11 mann frå eigen stall på beina til treningskamp men me var atskillig bedre stillt i dag enn forrige helg mot Voss. Blant anna fekk Gøran Wigum og Per Eirik Lunde seg begge ein omgang og det vert viktig for Fjøra og få i gang desse to til det brakar laus om 1-1,5 månads tid. Også Florø kom med redusert mannskap men hadde med blant anna Peter Aase, Reksten og Rotihaug av sine beste.  

To godt organiserte lag og det vart ein jevn kamp utan altfor mange store sjansar. For Fjøra hadde Bakary Traore to store sjansar som begge havna ein meter utanfor målet til Florø sin keeper medan me også hadde eit annulert mål ved innlånte Henrik Ørpetveit. Florø på si side hadde blant anna to store sjansar etter legg frå høgre, men begge avslutningane gjekk like over målet til Fjøra. Fem minutt før slutt skar Fredrik Langlo inn frå høgresida til Florø og avslutta så godt at det gav Florø leiinga 1-0, noko som også vart sluttresultatet.

Etter fem strake sigrar kom det dermed eit tap, men like greit og gjera seg ferdig med tapet før sesongen begynnar. Neste treningskamp er lørdag 11.mars på Campus då Valdres er motstandar

Laget til Fjøra (4-4-2):

Emil Harloff - Joar Hoberg, Gøran Wigum, Per Eirik Lunde, Joar Tryti - Stian Njøs, Sindre Thue, Arne Martin Fossland, Eirik Kristoffersen - Mathias Løken, Bakary Traore

Reservar: Brage Navarsete, Markus Thorberg, Espen Outzen, Henrik Ørpetveit, Torbjørn Oddenes

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift