Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som hovudsponsor i tre nye år

Sparebanken Sogn og Fjordane har vore hovudsponsor i Fjøra sidan 2008 og har no gått inn på ein ny treårsavtale fram til og med 2019

Fjøra forlengar med dette eit langt og godt samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, eit samarbeid som starta i 2008. Saman med Intersport/Umbro er Sparebanken Sogn og Fjordane våre to hovudsponsorar og i lag med mange andre sponsorar, liten og stor, bidreg dei sterkt til at Fjøra har økonomi til å spele i regionligaen avdeling 4 i 2017, eller Norsk Tipping ligaen som den no heiter. Fjøra har med det desse sponsorane i 2017:

Hovudsponsorar:
Intersport/Umbro, Sparebanken Sogn og Fjordane
 
Sponsorar:
Lerum, Sogndal Hotell, AH Bygg, Lægreidspuben, Holen Installasjon, Fredheim Maskin og Betong, Økonomiservice, Sogn Kjøleservice, Meny
 
Støttespelarar/minisponsorar:
Joar Solberg Trafikkskule, Malermester Eilert og Edvin Holme AS, Sogn Avis/Ingvald Husabø Prenteverk, Neumann Bygg, Berge og Co, Solberg Social Media
 
Og ikkje minst alle med annonse i Fjøraposten. Sportsleg går det sakte men sikkert framover på skadefronten men framleis ein del ute med skadar. Morgondagens kamp mot Valdres som skulle gå på Campus er dessverre avlyst då Valdres ikkje kunne stille lag men Eid stiller sporty opp og kjem til Sogndal søndag. Denne kampen går på Kaupanger kunstgras søndag kl 15.

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift