Sal av sesongkort

Fjøra sel no sesongkort for kr 500 og då får du attpåtil ein gratis kaffi kvar kamp. Løp og kjøp!

Me prøver oss i år med sesongkort på kampane og håpar me får god respons på dette. Sesongkorta kostar 500 kr og dei som kjøper sesongkort vil få dette inkludert:

  • Fri inngang på 13 seriekampar
  • Ein gratis kaffi i kiosken pr kamp
  • Fri inngang på eventuelle heimekampar i cupen

Dersom du syns dette var ein god ide og du vil sleppa og hugsa på 50-lappen kvar heimekamp kan du senda ein mail til Arild Underdal - arildunder@hotmail.com eller Malin Kristoffersen - malin1991@hotmail.no, eller dei kan kontaktast i melding på facebook. Du kan også ta deg ein tur innom Jan Arild Jakobsen aka Jackson på Sogndal Lær og Skotøyforretning så vil du få sesongkortet der og da (kun kontant betaling).

Betaling 500 kroner for sesongkorta skjer på ein av følgjande måtar:

  • Vipps til Fjøra billett/kiosk
  • Til konto 3705 14 67834
  • Kontant ved kjøp

Pris for enkeltkamp vil framleis vere 50 kr og utvalget i kiosken vil vera noko større enn i 2016. Me håpar flest mogleg vil setja av annankvar laurdag kl 16 og ta turen til Fosshaugane Campus for å følgja Fjøra i 2017! 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift