Fjøra - Fyllingsdalen 0-2

Ok forestilling av Fjøra men tap 0-2 mot Roar Fredriksen og Fyllingsdalen

Fyllingsdalen åpna kampen i høgt tempo og første ti-femten minuttane var me litt på etterskot. Etter kvart jobba me oss meir inn i kampen og var mykje meir aggressive og oppi motstandaren enn me var i starten. Eige spel gleid også bedre og sjølv om det var Fyllingsdalen som var det beste laget i første omgang og hadde flest sjansar var det nok Fjøra og Mathias Flo som hadde den største. Mathias vart spelt flott gjennom av Kenneth Skjerven men keeper avverga avslutninga til corner.
 
Sett bort frå dei første ti minuttane ein godkjendt førsteomgang av Fjøra mot eit godt Fyllingsdalen med x-Sogndalspelar Roar Fredriksen på sidelinja.
 
Fyllingsdalen best ut frå startblokkene også i starten av andre omgang og etter 55 minutt gav Jørgen Eriksen Fyllingsdalen 1-0 leiing medan Tobias Alme auka leiinga til 2-0 berre minuttet etter. Nokre hektiske minuttar rundt desse måla men så jamna det seg litt ut igjen og Bakary har blant anna ein god avslutning halvvegs ut i omgangen, men skotet går på feil side av stolpen. Fleire mål vart det ikkje og dermed 2-0 tap mot Fyllingsdalen, eit lag som er venta og kjempa i toppen av vår avdeling.
 
Kort oppsummert ein lærerik kamp for Fjøra mot eit ballsikkert og godt Fyllingsdalen som vinn fortjent 2-0. Me heng bra med i periodar men blir hardt straffa dei gongene me slepp motstandaren litt for lett til. Me tek med oss ein del positivt frå kampen og har notert på blokka korleis me skal ta Fyllingsdalen når me møter dei i Bergen 24.juni!
 
Hugs og kjøp sesongkort til Fjørakampane denne sesongen, sjå eigen sak eller reis nedom Sogndal Lær og Skotøyforretning!
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 18.03 kl 14.00
Arena: Olabana, Voss kunstgras
Turnering: Treningskamp
Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre
        
Fjøra – Fyllingsdalen 0-2 (0-0)
0-1    55 min Jørgen Eriksen
0-2    56 min Tobias Alme
 
Gult kort: uvisst…
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli (Emil Harloff frå 46.)
Jan Ruben Sleen
Per Eirik Lunde (Torbjørn Oddenes frå 68.)
Joar Hoberg
Joar Tryti
Kenneth Skjerven (Stian Njøs fra 79.)
Svenn Ove Gjøringbø (Karsten Bjelde frå 73.)
Steffen Olsen (Gøran Wigum frå 85.)
Eirik Kristoffersen
Mathias Flo
Bakary Traore
 
 
To legender hadde teke turen til Olabana for å følgja oppgjeret; Per Kristian Ødegaard og Arne Førde.

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift