To dagar til første obligatoriske kamp

Onsdag kl 18.30 er det første kvalikrunde i cupen borte mot Skavøypollen

Etter tre lange månader med trening nærmar endeleg alvoret seg og onsdag skal Fjøra måle krefter mot Skavøypollen borte i første kvalikrunde til NM. Skavøypollen enda i fjor på andreplass i fjerdedivisjon, poenget bak Eid og heile 20 poeng framfor sine rivalar, Tornado Måløy. Fjøra enda som kjendt på den viktige femteplassen i divisjonen over og kom dermed gjennom nålauga til å få vera med i Norsk Tipping ligaen avdeling 4.

Fjøra møtte ikkje Pollen i 2016 men som resultata under viser frå tidlegare år er det alltid jamne kampar mellom desse laga og me spår ein tett og tøff kamp også denne gang.

2015: Skavøypoll - Fjøra 2-5, Fjøra - Skavøypoll 0-0
2014: Skavøypoll - Fjøra 1-2, Fjøra - Skavøypoll 1-0
2013: Skavøypoll - Fjøra 1-0, Fjøra - Skavøypoll 1-0

Visste du forresten at Fjøra i 2007 gjekk vidare i cupen etter 6-5 på straffekonk på Skavøypoll stadion, den gang mot Tornado Måløy? Resultatet var 2-2 etter ordinær tid etter mål av Arild Underdal og Jens Ivar Nilsen.

Framleis nokre småskadar i Fjøralaget men det er ein svolten og spelesugen gjeng som set seg på bussen til Skavøypollen onsdag ettermiddag, og som håpar på eit lite cupeventyr i 2017. Fleire er tilbake frå skade og ein av dei er Henrik Navarsete som var på sidelinja nokre veker med strekt leddband i ei skulder. Han fortel om god stemning i gruppa og seier målet er og vinna to kvalikkampar for deretter og møta eliteseriemotstand i første runde. Første hinder er altså Skavøypoll onsdag og kampen kan du forhåpentlegvis følgja gjennom firda si livetjeneste.

I dag var det bildetaking av Fjøraspelarane på Campus og i bildet til denne saken ser du heimedraktene til Fjøra i 2017. Det er heilkvite keeperdrakter (Håvar Mjelleli sin opprykksbonus!!) og heilraude spelardrakter. 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift