Skavøypoll - Fjøra 0-5

Fjøra forbi første hinder i cupen og vidare til andre kvalikrunde

Det vart til slutt ein komfortabel seier 5-0 borte mot Skavøypoll, som ikkje hadde tapt på heimebane sidan dei møtte Fjøra hausten 2015. Faktisk så vann dei alle sine 11 heimekampar i 2016 så det var eit godt heimelag som møtte Fjøra i kveld. Jamn åpning på kampen men halvvegs ut i omgangen tok Fjøra kommandoen og hadde både ein i stolpen og ein tvilsom annulering før Bakary Traore fanga opp ein retur og gav Fjøra leiinga 1-0 etter 35 minutt. Same mann fanga på nytt opp ein retur etter 59 minutt og dobla leiinga før spisskollega Mathias Flo punkterte kampen ti minutt før slutt.
 
Heilt på tampen putta Fjøra likegodt to til og sjølv firda si livetjeneste lot seg imponere av mål nummer fire signert Steffen Olsen; «Kveldens finaste scoring. Frå 35 meter på halvvolley og ballen skrur seg opp i krysset. Sjølv Kjetil Rekdal ville fått tårer i augene av den scoringa» Like etter sette Flo sitt andre og det enda dermed 5-0 til Fjøra
 
Litt treg start på kampen men etter kvart viste Fjøra seg som eit betre lag enn Skavøypoll. Me fekk i gang begge spissane våre med to mål kvar i første kamp, noko som alltid er viktig og både Mathias og Bakary kjem nok til å bli giftige framover. Me er dermed forbi første hinder til Ullevaal :)  og klar for andre kvalikrunde, der me etter alle solemerker møter Årdal i neste veke. Dette oppsettet vert først klart om nokre dagar så tida vil vise om det vert Årdal eller nokon andre.
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 29.03 kl 18.30
Arena: Skavøypoll stadion
Turnering: 1.kvalikrunde NM
Dommar: Andreas Sandal
        
Skavøypoll – Fjøra 0-5 (0-1)
0-1    35 min Bakary Traore
0-2    59 min Bakary Traore
0-3    79 min Mathias Flo
0-4    89 min Steffen Olsen
0-5    90 min Mathias Flo
 
Gult kort: Per Eirik Lunde, Joar Hoberg, Gøran Wigum
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Henrik Navarsete
Per Eirik Lunde (Torbjørn Oddenes frå 60.)
Gøran Wigum
Joar Tryti
Stian Njøs (Kenneth Skjerven frå 65.)
Joar Hoberg (Karsten Bjelde frå 70.)
Steffen Olsen
Eirik Kristoffersen
Mathias Flo
Bakary Traore

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift