Fjøratroppen 2018 begynnar og ta form

Me er godt i gang med sesongførebuingane og har fått inn fleire nye (og gamle) ansikt i troppen.

Sju nye spelarar er komen inn i Fjøra siste månadene og heile seks av desse er frå Sogndal og omegn. Det passar oss veldig bra og me har fått ein god miks både aldersmessig og i fordelinga av studentar og lokale. Mykje svoltne og treningsvillige karar som stadig utviklar seg under Almås og Nilsen sine vinger. og som gler seg til å møtast på trening. På bildet over er frå venstre: Johan Salveson, Morten Knutsen, Andreas Lerheim Olsen, Mathias Flo, Brage Navarsete, Sondre Loftesnes og Daniel Fylling

Morten Knutsen kom til Fjøra frå Djerv 1919 i haust men har ikkje vore fast inventar på Fjøratreningane før no nyleg. Han kan bekle fleire posisjonar på midten i tillegg til at han muligens kan vikariera som midtstoppar sjølv om det neppe er hans favorittposisjon. Ein spelar med bra driv og trøkk i. Brage Navarsete er ein ung og lovande høgreback som kjem frå Syril. Son til Fjøralegenda Endre Navarsete har hospitert med Fjøra tidlegare og me er glade for at han ynskte og spela for oss i 2018. Han slår dermed følge med Stian Njøs, Per Eirik Lunde og Eirik Husabø som også har gått gradene i Syrilfotballen. Frå SIL3 kjem Sondre Loftesnes etter og ha trent med Fjøra sidan slutten av november. Han har vist fin progresjon sidan oppstart og er ein me håpar kan utviklast og formast til å bli ein god forsvarsspelar i Fjøra på sikt.

Framover i bana har to solide namn i Mathias Flo og Andreas Lerheim Olsen meldt overgang til Fjøra. Målgarantistar begge to og det vert spennande og sjå kva desse to kan få til saman med Malvin Gjerde framfor motstandaren sitt mål. Sist, og ikkje minst, har to gamle ringrevar snørt på seg fotballskoa igjen og skal gjera eit forsøk på comeback. Daniel Fylling har allerede pådrege seg ein liten skade medan Johan Salveson stort sett har komme seg gjennom dei fleste treningar. I desse tider der færre og færre spelar fotball til dei er 30 er det ekstra kjekt og få med att desse to og dei har mykje og bidra med både på og utanfor bana.

Knut Idar Kristoffersen fortel at dei nye fjesa har glidd godt inn i Fjøramiljøet og at det er flott med så mange lokale namn inn i stallen sidan me også har mista nokre sentrale spelarar. Me skal skapa eit godt miljø og ein god treningskultur øg ha mest muleg lokale spelarar i stallen krydra med nokre gode studentar.

Erlend Grov slår følge med Sixten Dalen Jensen og skal spela for SIL2 i tredjedivisjon då begge desse innehar kvalitetar som minst høyrer heime ein divisjon over kretsligaen. Litt kjedeleg og mista to så gode spelarar men me har forståing for at dei ønskte og spela eit nivå over det Fjøra kunne tilby i år. Me må få skryta av engasjementet til begge desse to og for bidraget i Fjøra i denne omgang, prima studentar og ha på laget! 

Stallen til Fjøra ser dermed slik ut pr i dag, 18.januar:

NRNAVNPOSISJONFØDSELSDATO
1Håvar MjelleliKeeper30.12.1996
2Eirik Stedje Back22.03.1999
3Eirik HusabøStoppar28.05.1998
4Morten KnutsenMidtbane13.09.1996
5Brage NavarseteBack23.02.2000
6Håvard StedjeMidtbane14.01.1997
7Kenneth SkjervenMidtbane20.11.1996
8Karsten BjeldeMidtbane19.04.1996
9Malvin GjerdeAngrep06.04.1992
10Mathias FloAngrep18.06.1996
11Svenn Ove GjøringbøBack05.05.1996
12Emil HarloffKeeper17.03.1999
13Stian NjøsMidtbane06.05.1999
14Johan SalvesonMidtbane26.10.1987
16Andreas Lerheim OlsenAngrep19.02.1999
17Sondre LoftesnesStoppar21.05.2000
18Steffen OlsenMidtbane30.09.1991
19Espen Outzen Angrep05.02.1994
20Per Eirik LundeStoppar19.05.1992
21Eirik KristoffersenBack22.04.1996
22Joar HobergStoppar25.07.1994
23Sindre ThueMidtbane27.08.1997
24Daniel FyllingAngrep27.07.1989

Av desse 23 er det fleire som har har vore ein del plaga med skadar siste året og som treng litt tid før dei vert hundre prosent. I tillegg reiser Per Eirik Lunde i praksis til Afrika og er ikkje aktuell for spel før i midten av mai.

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                        

           

           

     

   

    

                 

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift