Fjøra - Florø 2 / G19 9-1

Storseier og mange flotte mål i tredje treningskamp

Fjøra hadde vunne dei to første treningskampane mot SIL 2 (1-0) og Voss (4-1) men med litt varierande prestasjonar slik det plar vera på denne tida av året. Mot Florø 2 losna det skikkeleg og i første omgang var det kun eit lag på bana. Ein omgang som enda heile 7-0 til Fjøra etter mange flotte angrep og scoringar. Fjøra var rett og slett hakket tøffare og spelte med eit mykje større tempo enn dei unge florøværingane. Me såg også att mykje av det me har trent på og det var mykje flotte kombinasjonar i forkant av mange av måla. Spesielt lot me oss begeistra av Andreas Lereim Olsen som i tillegg til tre mål og ein assist gjorde ein formidabel jobb i gjenvinningsfasen.
 
Etter sju mål i første omgang var fokuset i pausen og gjenskapa det me dreiv med i den første samt og tørra litt meir i frispelinga bak. Så gjekk det litt som det pleier etter ein så god omgang, me datt litt nedpå og slutta og gjera ting like enkelt som før pause og då vart det til tider ein litt rotete omgang. Like fullt fekk me kanskje dei to flottaste måla våre etter pause, først etter 62 minutt då Sindre Thue tok eit kjapt innkast til Steffen Olsen som deretter dunka ballen i krysset frå 30 meter. Rett og slett vakkert frå ruter Olsen. Ti minutt seinare kom Sondre Loftesnes i lange klyv frå sin høgrebackposisjon før han slo eit innlegg sjølv Beckham hadde vore stolt av. Innlegget fann Lereim Olsen på bakerste som med ein utsøkt heading stanga ballen i krysset. Like etter fekk Florø 2 eit trøstemål og kampen enda med 9-1
 
Ein veldig god kamp av Fjøra som i store periodar rundspelte bortelaget. I tillegg til nemnte Lereim Olsen putta også Malvin Gjerde tre mål og Almås fekk testa ut Mathias Flo som midtstoppar i fråværet til Joar Hoberg. Han vart ikkje sett på dei store prøvane men tok seg greitt av det som kom og sette også i gang mange fine angrep bakfrå.
 
Det skal seiast at nokre av måla våre kom av at Florø var i overkant naive i frispelinga si bak men dei skal ha skryt for at dei heile tida prøvde og spela seg ut og ikkje lot seg frista til å hamra ballen opp. Dette er nok ein bevisst strategi frå Florø si side og er det noko me kan setja fingeren på for vår eigen del i dag så er det at også me kan tørra litt meir i frispelinga vår bak, spesielt no i treningskampane. Elles var det mykje positivt og ta med seg vidare for Knut Almås og Jens Ivar Nilsen frå dagens kamp, noko også resultatet viser.
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Laurdag 10.02 kl 13:30
Arena: Sognahallen
Turnering: Treningskamp
Dommar: Tommy Skjerven
        
Fjøra – Florø 2/G19 9-1 (7-0)
1-0      2 min Malvin Gjerde (Eirik Kristoffersen)
2-0    13 min Andreas Lereim Olsen (Sindre Thue)
3-0    17 min Andreas Lereim Olsen (M Flo)
4-0    21 min Malvin Gjerde
5-0    36 min Espen Outzen (Kenneth Skjerven)
6-0    39 min Malvin Gjerde (A Lereim Olsen)
7-0    45 min Kenneth Skjerven (Morten Knutsen)
8-0    62 min Steffen Olsen (Sindre Thue) 
9-0    72 min Andreas Lereim Olsen (Sondre Loftesnes)
9-1    74 min ukjendt
 
 
 
Gult kort: ingen
 
Fjøra (4-3-3):
Håvard Mjelleli
-----------------------------------
Karsten Bjelde (Sondre Loftesnes frå 46.)
Eirik Husabø
Mathias Flo
Eirik Kristoffersen
-----------------------------------
Morten Knutsen (Steffen Olsen frå 46.)
Sindre Thue (Håvard Stedje frå 70.)
Kenneth Skjerven
----------------------------------
Espen Outzen (Erik Loftesnes frå 70.)
Malvin Gjerde
Andreas Lereim Olsen

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                        

           

           

     

   

    

                 

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift