Fjøra - Årdal 8-1 (6-0)

Fjøra vidare i cupen

Foto: Rune Sjøberg (arkiv)
Fjøra sendte i dag Årdal heim med heile 8-1 etter og ha leda 6-0 ved pause og er med det klar for andre kvalikrunde 4.april. Me forventa ein hard kamp mot Årdal men slik vart det ikkje, og når me sette inn vårt tredje etter om lag 20 minutt var i realiteten kampen avgjort. Me fekk sjå ein glitrande førsteomgang der me spelte med høg intensitet både med og utan ball og hadde mange gode bevegelsar og angrep. Sjølv om Årdal også hadde eit par feite sjansar var det stort sett spel mot eitt mål dei første førtifem.
 
I motsetning til i første omgang var ikkje Fjøra heilt påskrudd når andre omgang starta og då fekk me sjå kor lite som skal til før motstandaren tek over. Årdal var best første ti-femten av andre og nytta også sjansen til å redusera til 6-1 etter 51 minutt. Resten av omgangen var ganske jamn, Fjøra løfta seg litt igjen og fekk to mål til.
 
Ingen tvil om avansementet i dag og me er veldig fornøgd med måten me gjennomfører vår første obligatoriske kamp på. Morten Knutsen med tre mål og ein assist frå sin midtbaneposisjon, Lereim Olsen med to, Skjerven og Outzen med eitt mål kvar medan Bukve var uheldig og sette eit innlegg i eige mål.
 
No ventar det trening i hallen på måndag før Fjøra på onsdag reiser ei veke på Kypros og skal finpussa formen inn mot seriestart i midten av april. Takk til dommarar og Årdal for kampen, me er forberedt på at seriekampen mot årdølene vert atskillig tøffare enn kampen i dag!
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Søndag 18.03 kl 14.00
Arena: Sognahallen
Turnering: NM 1.kvalikrunde
Dommar: Elias Åsebø, Haugen IL
        
Fjøra – Årdal 8-1 (6-0)
1-0    12 min Bukve, sjølvmål (Eirik Kristoffersen)
2-0    14 min Kenneth Skjerven (Morten Knutsen)
3-0    19 min Andreas Lereim Olsen (Sindre Thue)
4-0    28 min Morten Knutsen (Kenneth Skjerven)
5-0    39 min Morten Knutsen (Karsten Bjelde)
6-0    45 min Andreas Lereim Olsen (Eirik Kristoffersen)
6-1    51 min Terje Kvam Øvstetun
7-1    66 min Espen Outzen (Eirik Kristoffersen)        
8-1    71 min Morten Knutsen (Mathias Flo)
 
Gult kort: ingen på Fjøra
 
Fjøra (4-3-3):
Håvard Mjelleli
-----------------------------------
Karsten Bjelde
Eirik Husabø (Sondre Loftesnes frå 59.)
Joar Hoberg
Eirik Kristoffersen
-----------------------------------
Morten Knutsen
Sindre Thue (Steffen Olsen frå 59.)
Kenneth Skjerven
----------------------------------
Espen Outzen (Håvard Stedje frå 74.)
Mathias Flo
Andreas Lereim Olsen

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                        

           

           

     

   

    

                 

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift