Seriestart

Laurdag 15:00 spelar me vår første seriekamp då Tornado Måløy kjem på besøk.

Etter ei fin oppleving i cupkampen mot Florø er det no klart for seriestart då ein gammal storhet kjem på besøk, nemleg Tornado Måløy. Det vart tunge 120 minutt mot Florø men me har restituert bra med dugnadsarbeid for Yngve Hallen og Sogndal rundt Kvåle stadion. Den største utfordringa til Almås/Nilsen med å gå frå eit knepent tap mot eit oboslag til seriestart i kretsligaen er og nullstilla spelargruppa. Det klarer dei forhåpentlegvis og me går som vanleg ut for å spela vårt spel og ta med oss alle poenga. Det er lite skadar i troppen og det er vel kun langtidsskadde Eirik Stedje og Daniel Fylling som er indisponible i tillegg til Panser-Per som framleis er i Afrika. I tillegg er det litt småskadar hos Johan Salveson og Joar Hoberg men dei vert truleg klare.

For Tornado Måløy er Sveinung Frantzen vorten spelande trenar og han kjem med eit ungt lag til Sogndal i morgon. Nevnte Frantzen må, saman med rutinerte Pleym Evensen og Refvik, dra mykje av lasset for Måløy i år og me har tippa dei på sjuandeplass i vår Fjøralupe. Til Fjøralupa seier Frantzen følgande: "Vi ønsker primært og spele offensiv og underholdene fotball og har mange unggutar vi forventar mykje av i år. Det og ha samme taktikk heime mot Vik som borte mot Fjøra kan få katastrofale følger. Det er fort gjort at et ungt lag gjer urutinerte og lite taktisk kloke valg i pressa kampsituasjoner så her har våre trenarar eit ekstra stort ansvar undervegs i kampane. Samtidig meiner vi dette er vegen og gå for at dei unge på sikt skal ta meir ansvar og løfte Tornado Måløy tilbake på øvre halvdel av tabellen"

Me ønsker Sveinung og Tornado Måløy velkommen til Campus i morgon og ønskjer dei og alle andre i kretsligaen lykke til med sesongen. Den nevnte Fjøralupa 2018 er på veg i trykken i desse dagar og kjem i Fjøraposten om 12-14 dagar. Me vil derfor ikkje publisera den i sin heilhet her før den er komen i postkassane til alle bustader i Sogndal rundt serieomgang 3. Me nøyer oss med å presentera vårt tabelltips så kan de lesa grundigare informasjon om alle laga om to veker:

  1. Fjøra
  2. Eid
  3. Studentspretten
  4. Florø 2
  5. Stryn
  6. Årdal
  7. Tornado Måløy
  8. Dale
  9. Kaupanger
  10. Vik
  11. Bremanger
  12. Skavøypoll

Send inn ditt tips på haugenfotball.no før seriestart i kveld du og!

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                        

           

           

     

   

    

                 

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift