Påmelding Kjempenes Liga 9-10.nov 2018

Me tek imot påmelding til KL 2018 i perioden 12.sept-30.okt. Tre klassar: herrer, damer og oldboys

Kjempenes Liga 2018 vert arrangert 9-10.november. Påmelding til tom_navarsete@hotmail.com der du oppgir lagnavn, mail og telefon innan påmeldingsfristen 30.oktober. Herrelag må også oppgi om de melder dykk på i vanleg klasse eller i oldboys. De skal få bekreftande mail tilbake på at de er påmeldt

For tilreisande herrelag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, oppgi dette i påmeldinga! Damelaga spelar i utgangspunktet innleiande fredag men viss nok lag kan det også bli spelt innleiande laurdag. Me har i utgangspunktet plass til 24 herrelag, 8 oldboyslag og 8 damelag men vil vurdere og utvide dersom ny full 4ar-gruppe slik som tidlegare. Kjem litt an på kapasitet, ledig hall etc

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i 2018 har starta seriekamp i 4.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks ein aktiv/lisens på bana om gangen. I oldboysklassa må alle vera 40+ (født 1978 eller tidlegare) inneverande år men kvart lag kan ha med ein spelar mellom 35-40 år (født 1983 eller tidlegare).

Påmeldingsavgift 2000 kr betales kontant i sekretariatet seinast 15 min før ditt lags første kamp! Dei som vil betale i nettbank må betale seinast onsdag 7.nov til konto 3705.14.67834. Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Ingen organisert bankett men me kan garantere at det vert god stemning på Sogndal Hotell frå klokka 22 og utover.. Fri inngang på hotellet ved bestilling av middag på enten Vågal eller La Pergola. Treng du overnatting kan du kontakte Quality Hotel Sogndal direkte på q.sogndal@choice.no eller www.nordicchoicehotels.no

For fullstendig turneringsreglement klikk deg inn på www.fjora.no - Kjempenes Liga - Turneringsreglement

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                        

           

           

     

   

    

                 

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift