Påmeldingsinfo Kjempenes Liga 2019

Det er knappe to månader til den 18. utgåva av Kjempenes Liga og me tek no imot påmelding til turneringa.

Kjempenes Liga 2019 vert arrangert 8-9.november, herreklasse og dameklasse. Påmelding til Tom Wolff Navarsete på epost tom_navarsete@hotmail.com der du oppgir lagnavn samt telefonnr og epost til kontaktperson (du skal få bekrefting på at laget ditt er påmeldt). Dersom laget ditt kun kan spela innleiande kampar laurdag pga reiseavstand må du oppgi dette ved påmelding så prøver me å legge til rette for det sålangt det er muleg. Dei fleste innleiande kampane går fredag. Siste frist for påmelding er 30.oktober.

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i 2019 har starta seriekamp i 4.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks ein aktiv/lisens på bana om gangen. (Har du kun vore innbytar vert du ikkje rekna som aktiv)

Påmeldingsavgift 2000 kr betales enten kontant i sekreteriatet før ditt lags første kamp eller på forhånd via nettbank til konto 3705.14.67834 (seinast onsdagen før turnering). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Ingen organisert bankett men me kan garantere at det vert god stemning på Soho utover kvelden (ver tidleg ute då det er mykje folk ute denne helga) CC 100 kr på Soho, billettar kjøpes i døra. Et du på ein av hotellet sine restaurantar laurdag kveld er det gratis inngang, hugs å spør etter stempel. (sjå også facebook for info om dette arrangementet på Sogndal Hotell sine sider)

Sjå også turneringsreglementet her: turneringsreglement

 Generalsponsor:
 
 Hovudsponsorar:

   

       

  Sponsorar:                           

           

     

   

     

    

              

        

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

      

 

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift